tirsdag 31. januar 2012

Brand new - Nyfødtfotografering - Naturlig lys

Lyset er "tilbake", 
og eg kosar meg med små nyfødte i studio!
Det er en fryyyd å kunne fotografere i naturlig lys igjen, 
etter nokre mørke månader....

Med lyset kjem også humøret og overskuddet, 
livet er herlig!!


Ha ein strålande dag! :)

mandag 23. januar 2012

Verdens beste Tuva 5 år

Gratulerer med dagen, solstrålen vår


Dei siste 5 åra, 
har vore dei tøffaste 
men samtidig dei beste åra
i heile mitt liv!

Tuva vår er 
ei fantastisk sterk lita jente,
som aldri sluttar og imponere dei rundt seg!

Med alle dei utfordringane Tuva har, 
sluttar ho likevel aldri å overraske oss 
med nye ord og mestrede ferdigheter.

Der er mange hinder på vegen for ei lita ei, 
som ikkje har språket å kunne kommunisere med.
Likevel stråler Tuva om kapp med sola, 
kvar einaste dag, morgen og kveld! 

Tusen takk, Tuva, 
for at du gjer livet vårt så utruleg meiningsfullt!
❤❤❤ Gla i dej, jenta mi ❤❤❤
  


søndag 15. januar 2012

"Smiiiil" seier Øyeblikk-jentene, og eg er 100 % enig!

Når konkurransetemaet er "Smiiiil" kan eg ikkje la vere 
å trekke på smilebandet, for det passer meg utmerket!
På min siste nyfødtfotografering var eg så heldig 
at eg fekk servert eit herlig og smittsomt smil 
frå ei nydelig lita jente på 6 dager! 
Om det er eit "mageknipsmil", 
eller eit smil som kjem av 
draumen om pupp... 
spelar inga rolle!
❤❤❤
Eit smil er eit smil, 
og det er gull verdt,
kvar gong!!!


Kanskje vi berre skal la dette smilet 
sette standaren for resten 2012?
Det gjer noke med dagen din, 
om du møter eit smil eller ikkje,
frå både kjente og ukjente.
I alle fall i min kvardag ;)

Keep On Smiling


mandag 2. januar 2012

GODT NYTT ÅR!!

Før jul var det gledelig mange som benyttet seg av muligheten 
til å få fotografert sine håpefulle til 2011 julekortet.
Dei tok turen til Blåhuset og Lykkeliten Studio sitt stand der, 
og vart samtidig med i trekninga av eit gavekort til ein verdi av 6840,- fra Lykkeliten Studio.


I den forbindelse har vi (les: eg og min bedre halvdel) 
trekt vinnaren av gavekortet....
og den heldige vinnaren er:

 

Gratulerer så mykje, Tanja, 
du vil motta ein e-post fra meg, 
med mer informasjon rundt gavekortet innen noen dager!

Og til alle dere andre som også tok turen til Blåhuset, 
TUSEN TAKK og håper vi sjåast igjen! :)

Håper julen har vært fantastisk på alle måter, 
og at 2012 blir det beste året noen sinne!!

Klem frå mej :)


Related Posts with Thumbnails