tirsdag 30. november 2010

Brrrr....

... når det er 3 gongar kaldare ute enn inne i kjøleskapet mitt... 
då får eg aller mest lyst til å krype inn under dyna igjen, og bli liggande der til våren kjem...
Eg veit at nokon kanskje tenker at...essa kva er vel det?? 
Her er det like kaldt som i frysaren !!
...
...ja då hadde eg nok ikkje vurdert å stå opp ein gong...
...
Det var dagens usakligheter frå meg til deg :)

Heldigvis så har eg verdens beste jobb... som held meg varm i både kropp og sjel ;) 

søndag 28. november 2010

Heldig vinner

Eg vart den heldige vinner av Anine sin giveaway her om dagen!! 
Ja eg... eg som ALDRI vinn noko??? Veldig kjekt!! :) 
TUSEN TUSEN TAKK!
Eg har fulgt bloggen til Anine, Hverdagen med og uten autisme , ei god stund no. 
Egentlig heilt sidan det vart konstatert at Tuva vår også fell godt innan for Autismespekteret.  
Eg har også vore så heldig å fått helse på Anine, 
i forbindelse med eit kurs på Barnehabiliteringa i Ålesund.
Eg har følelsen av at dette er ei STERK dame, 
som står på og kjemper for alle rundt seg... 
og gir seg ikkje før rett er rett! 

Det er rart kor ein gjer seg opp meiningar om folk... 
som ein kanskje berre har møtt ein gong, 
men ein føler ein kjenner dei fordi ein leser bloggen deres!
Pussig denne bloggverdenen ;o)

Anine har ein informativ og koselig blogg
som eg oppfordrer fleire til å besøke!
Autismekvardagen er ingen spøk, 
og til fleire som kjenner til den... til bedre er det!!

Trur eg vil linke til enda ein "Autismeblogg" når eg først er i gang... 
Denne er også ein fantastisk blogg som er verdt eit besøk!!


Igår låg det ein svært hyggelig overraskelse i postkassa mi! :)
Gaven fra Anine, ei skilt med eit meiningsfullt ordtak på!!

Dette ordtaket trur eg kvart einaste menneske i heile verda kan ta til seg, 
og burde gjere det!!! 
Eg skal i alle fall henge dette skiltet godt synlig, 
slik vi blir minnet på det kvar einaste dag! ;)

to the world
you may be one person
but to one person you
may be the world

*sammen er vi sterke*


Ønsker alle ein strålande 1.søndag i advent

fredag 26. november 2010

Still here....

joda ... eg er fortsatt her... såvidt ;)
Kvardagen er smekkafull med ulike gjeremål... 
både på privaten og på studiofronten. 
Ei HEKTISK tid kan man seie... ;) 

Eg har hatt maaange herlige kunder i studioet den siste tida, 
det er fullt kjør med bestillinger og mange som vil sikre seg årets julegåver! 
SÅ GØY!! :)

Ikkje mange orda fra meg i dag, men eit aldri så lite livstegn...

Related Posts with Thumbnails