lørdag 24. juli 2010

Sommar og sooooool :)

Endelig fekk vi ein heil dag med blå himmel, sol og sommar!!! 
Eg har storkosa meg i heile dag, 
først ilag med småjentene mine med bading på terrassen..og masse isspising ;)
Etter jentene knalla rundt ...halv sju, 
ja da vart det tid til litt kjærestekos med reker, loff og deilig terrassevin! 
Vi satt ute i sola heilt fram til kl 2030, fantastisk deilig!
Idag fekk vi endelig den dagen der vi kunne lene oss litt tilbake...slappe av, 
og kjenne at det er sommarferie!
.... ja det var etter at Stian hadde jobba nokre timar med kjøkkenprosjektet.... 
så eg burde kanskje seie eg og ikkje vi... ;)

Tok sjølvsagt masse bilder av dei to badenymfene mine idag ... 
skal sjå om ikkje eg får lurt med eit bilde eller to av dei i neste blogginnlegg ;) 

Dagen igår var jo også ein fin dag, 
men for meg var det ein fin dag på jobb. 
Eg var så heldig å få besøk av 2 babyer, 2 hunder og 2 mammaer... 
som har ventet leeenge på å bli fotografert :) håper dei syns det vart verdt ventetida, 
og at resultatet vil svare til forventningene.

No håper eg berre at eg veeeldig snart blir kvitt den irriterende forkjølelsen/hosten min, 
slik at eg kan få ta på meg ein nyfødtfotografering som står på trappene!
Greit å vere frisk når ein skal håndtere nyfødtlinger...

Til slutt vil eg berre seie tusen takk for dei kjekke kommentarane, dokke å so snilde atte ;)

Håper alle har hatt ein like fin dag som meg og mine, 
og at dagen i morga blir like bra! 
♡♡♡

 

 

lørdag 17. juli 2010

Studioet rives!

... og bygges like fort opp igjen!! :)
Endelig skal eg få meg større boltringsplass! 
No er leigekontrakta underskrevet, og dere er ingen veg tilbake ;)
Bjørndalvegen 10, gamle helsestasjonen i Ulsteinvik, 
eg har kome for å bli!! :o)

Fram til no har eg hatt 2 rom pluss ein gang til disposisjon. 
Eg har brukt det eine rommet til studio og det andre til kontor, dette har fungert dårleg! 
Altfor liten plass til sjølve fotograferinga og total mangel på komfort for kundane mine... 
Dette skal det no altså bli ein slutt på! :D
Min kjære Stian skal stå for rivings biten... 
og eg skal stå for finishen (maling og anna "pøt").

No skal det bli til eit perfekt Lykkelitenstudio, lyst og trivelig! 

Det skal bli deilig å kunne ta imot kundane mine,
utan å føle på at eg må unnskylde det lisje studioet.
Det har vore/er også litt drøyt med kaos rundt omkring  i bygget,
pga ombygging av heile huset. 
Det blir alltid verre før det blir bedre har eg hørt, og det stemmer nok her òg ;) 

Eg vil også etterkvart få min egen inngang, den vil fortsatt bli på framsida av bygget... 
men den vil gå rett inn i studioet fra den overbygde uteplassen.
Det blir så bra!!!! :o)

Planen er at vi skal begynne på dette prosjektet i løpet av sommaren... 
men det må gå parallelt med andre prosjekter vi har på gang 
og derfor er det vanskelig å seie når studioet vil vere klart. 
(Det blir også litt fotografering undervegs i denne prosessen, 
heldigvis viser ikkje rotet på bilda ;)

Stian bygger nytt kjøkken i heimen vår og i tillegg har vi to små trulter som har ferie fra barnehagen. 
Dårlig med tilgang på barnevakter i slike sommertider er det også, 
så her får vi berre jobbe når sjansen byr seg ;)
Erfaringsmessig .......så ordner det seg! :) Det blir Det blir! :)


Her er ein herlig liten gut i frå Stranda! 
Gleder meg til neste nyfødtfotografering... for det er virkelig noko heilt spesielt....

God helg :o)

onsdag 14. juli 2010

Jobber i ferien....

i teorien har eg ferie.... men det blir ikkje så mykje feriering akkurat... 
I dag skal eg ein tur på Mester Grønn på jobb, og gleder meg til det! 
Alltid like kjekt å være på plass i butikken igjen, 
og greit å kunne stille på når det trengs! :)
Ellers så blir det mykje firmajobbing på kveldstid, 
og nokre turar i studio blir det kvar veke ser eg... 
Så lenge kabalen i heimen går opp, så er det berre kjekt! 

Ellers så har eg mykje på tapeten framover, 
det er no avklart at eg skal bli i Bjørndalvegen 10 (gamle helsestasjonen i Ulsteinvik) 
og dermed blir det riving av vegger så snart som berre råd, 
for så å kunne ende opp med eit vel dobbelt så stort studio som eg har pr dags dato! ... 
oi det vart ei lang og tung setning, men men... bra det ikkje skal settast karakter på rettskriving+++ i bloggen min ;)
Gleda meg enormt til å sette igang med dette prosjektet! 
Det einaste eg manglar no er tid... som vanleg... :)

Ellers så har eg investert i ein del meir utstyr til studio og fotografering, 
og gleder meg til å få alt på plass! 

Redigering blir prioritert kvar dag, 
og idag skal mamman og pappan til denne herlige gutten få galleriet sitt presentert! :) 
Håper dei blir fornøgde med bilda... :)


Kanskje dagen i dag er perfekt for å overraske din kjære med blomster?? 
Stikk innom ein Mester Grønn butikk, så får du supergod hjelp der!! ;o)
Related Posts with Thumbnails